Klage eksamenskarakter
Juni 2025
Retten til klage på eksamenskarakter er heimla i forskrift til privatskolelova § 7-7 (skriftleg eksamen) og § 7-8 (munnleg eksamen)
Klage ved skriftleg eksamen:
Vanleg klage:
Klageretten på skriftleg eksamenskarakter er 10 dagar frå du har blitt gjort kjent med resultatet, eller burde ha gjort deg kjent med dette. Siste frist for klage er måndag 30. juni 2025.
Du skal sende ev. klage til Sygna på mail, jheggestad@sygna.no
I mailen oppgir du og telefonnummer, slik at vi kan ringe deg og få klagen stadfesta.
Klagen skal ikkje grunngjevast, men det må kome tydeleg fram kva fag/eksamen det gjeld og at det er vanleg klage.
Karakteren vert berre endra dersom klagenemnde meiner den gitte karakteren er urimeleg. Merk deg også at karakteren kan endrast både opp og ned. Det er difor lurt å rådføre seg med faglærar. Dersom du ønskjer å rådføre deg med faglærar tek du direkte kontakt til han/henne. Du må likevel sende klagen innan fristen.
Hurtigklage:
Dersom du ønskjer å få ein eventuell klagesensur med på vitnemålet, må du levere klagen tidlegare. Frist: Seinast onsdag 25. juni kl. 09.00
Dette er mest aktuelt for Vg3-elevar som skal bruke vitnemålet no til å søke seg vidare til høgskular- eller universitet.
Du skal sende ev. klage til Sygna på mail, jheggestad@sygna.no
I mailen oppgir du og telefonnummer, slik at vi kan ringe deg og få klagen stadfesta.
Klagen skal ikkje grunngjevast, men det må kome tydeleg fram kva fag/eksamen det gjeld og at det er hurtigklage.
Klage på munnleg eksamen
Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven.
Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt.