Ledige stillingar
Sygna vidaregåande skule er ein kristen, vidaregåande internatskule i Balestrand – Sogndal kommune i Sogn. Skulen er godkjent etter friskolelova. I dag har skulen omlag 50 tilsette og 185 elevar. 145 av elevane bur i skulen sine internat. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og byggjer si verksemd på kristen tru.
Sygna ligg i Balestrand – ei vakker bygd ved den fantastiske Sognefjorden – Norges lengste og vakraste fjord, omkransa av majestetiske fjell. Naturen innbyr til eventyrlege naturopplevingar, både for deg som vil ha store utfordringar og for deg som berre vil ha noko flott å sjå på.
Vi er alltid interessert i å kome i kontakt med deg som har lyst til å arbeide på ein kristen, vidaregåande internatskule. Ta gjerne kontakt:
e-post: post@sygna.no
tlf. 57 69 45 00