Russ
Støtt årets russeprosjekt
Vipps: 538549 Kontonummer: 3805 10 22030
Sygnarussen sitt misjonsprosjekt 25/26
I år samlar Sygnarussen inn pengar til misjonssambandet sitt arbeid i Sør-Amerika. Arbeidet foregår i Peru og Bolivia. Misjonen har dreve med forskjellig arbeid i desse to landa. Meinigheitsbygging, bibelskule, litteratur- og radioarbeid har lenge vore hovedsatsninga til misjonen, men bistandsarbeid med helse og jordbruk har også vore viktige element i arbeidet til Misjonssambandet.
PERU
Peru er eitt av landa i Sør-Amerika der det er færrast evangeliske kristne. Om lag tolv prosent høyrer offisielt til ei evangelisk kyrkje. Mange er påverka av katolsk folketru blanda med element frå gamal tru.
Misjonssambandet har ein strategi i Sør-Amerika som legg vekt på oppfølging av pastorar og bibelundervisning. Gjennom undervisning ved bibelskulen CLET og det teologiske seminariet SETELA ønskjer Misjonssambandet å bidra i mange år framover. Samstundes vil Misjonssambandet hjelpe kyrkja elles, særleg innan ungdomsarbeid og disippelgjering.
BOLIVIA
Misjonssambandet starta arbeidet sitt i Bolivia i 1978. Etter nokre år vart den nasjonale kyrkja ICEL (Iglesia Cristiana Evangélica Luterana) starta i 1997. ICEL har i dag om lag 12 kyrkjelydar rundt om i landet. Kyrkja driv også fleire prosjekt, mellom anna skulen Jesús Maestro i Cochabamba, bibelskulen
CLET i Sucre og leirstaden Buena Vista. I tillegg har kyrkja mykje arbeid for barn og unge, med leirar og aktivitetar. ICEL har kontor i Cochabamba.
Har du lyst til å bidra til noko større enn deg sjølv? Her er korleis du kan bidra: i år har du muligheten til å bli fast giver.
Det er også mogleg å gi enkeltbeløp!
Vipps: 538 549 Kontonummer: 3805 10 22030
Interessert i å vite meir om prosjektet? Du kan lese mer på Misjonssambandet sine sider: https://nlm.no/internasjonalt-arbeid/omrader/sor-amerika/
Følg oss gjerne på Instagram (sygnarussen2026) om du vil sjå kva vi gjer for å samle inn pengar.
Vi set stor pris på om du hugsar på prosjektet vårt i bønn!
Vipps: 538549 Kontonummer: 3805 10 22030