Avslutningsfest for Vg3

Laurdag 6. juni var elevar, foreldre og personale samla til avslutningsfest for Vg3-elevane. Vi fekk flotte helsingar frå russepresidenten, visepresidenten, tillitselevane, foreldrerepresentant og rektor. Astrid Byrknes, nyleg avgått nestleiar i styret, hadde andakt og dei ansvarlege for russen sitt misjonsprosjekt, Eirill og Malin, overrekte ein sjekk med eit voldsomt stort tal på. I løpet av skuleåret har russen samla inn kr. 961 438,- til prosjektet sitt. Vi er imponerte og vi gratulerer!
Tidlegare regionleiar i Misjonsambandet Vest, Per Byrknes tok imot sjekken på vegne av Misjonssambanet. Per og Astrid har også vore misjonærar i Peru, eitt av landa prosjetet støttar.

Foto: Anna Skjæveland
Framsidebilde: Per Byrknes

Neste
Neste

Fuglesafari på Runde