Ein heilt vanleg søndag

Kva gjer elevane etter ei lang veke og ein intens haustfest-laurdag?

Nokre overnattande foreldre vinka farvel etter frukost og russen pakka i imponerande fart vekk restlageret etter den innhaldsrike loppemarknaden. Noko av utstyret hamna på kostymelageret, resten gjekk til Fretex.

Så var det endeleg "fritid". Nokre nytta tida til avslapping, andre til studering eller spel av ulike slag, omringa av lydar frå film og pianospel.

Idrettsgutane fekk endeleg den lova hårklippen etter vellukka misjonsprosjektinnsamling; 78 995,- kroner på bidra.no åleine er verd å snaue seg for!

Tekst/bilde: Magni 

Forrige
Forrige

Fargerike Balestrand

Neste
Neste

Høyangerbadet hver onsdag