Engelen frå Kobane

Torsdag fekk vg3-elevane krigen i Syria litt nærare inn på livet. Regissør Miriam Prestøy Lie har laga eit dramatisk skodespel som fortel historia til den unge kurdiske jenta, Rehanna, meisterleg spela av skodespelar Madalena S. Helly-Hansen. Dette er del av Den Kulturelle Skulesekken og framsyninga vert vist på skular i heile Sogn og Fjordane.

Irene-Smordal-Engelen-fra-Kobane_03_Foto-Thor-Brodreskift_1200x1500px2.jpg

For nokre av tilskodarane vart det nesten for brutalt. Kvifor meiner regissøren det viktig å fortelje denne historia? “ Krigen i Syria er ein av dei største konfliktane og humanitære krisane i vår tid, det veit vi. Gjennom dei åra krigen har pågått har vi lese mykje om han i media. Men kan ein verte litt immun? Å setje seg inn i og prøve å forstå kva det syriske folket har vore igjennom er viktig, både fordi vi treng å forstå samtida vår, og fordi vi er deira medmenneske. Mange av flyktningane som har komme til Noreg dei siste åra, er frå Syria. Kva historier ber dei med seg, dei som kjem? Mi oppleving er at gjennom å gå inn i ein enkeltskjebne, slik ein gjer i denne historia, så kjem vi tettare på. Vi opplever kva konsekvensar ein slik krig har for eit enkelt menneske. Og då kan vi og setje oss betre inn i kva konsekvensar krigen har for eit heilt samfunn, og ei verd” , seier Miriam Prestøy Lie.

Etter framsyninga uttrykte nokre av dei syriske elevane bekymring for at folk vil tru at alle muslimar er like brutale som IS. Vi får håpe at teateropplevinga fører til samtale og større forståing, slik ho var tenkt, og ikkje forsterking av frykt og fordomar. 

Guest User