God start på dagen
Tysdag utvida vi frokosten og serverte elevane ekstra god mat, med ekstra god sørvis og ekstra god tid. Elevane fekk kelner (ein tilsett) og meny med utvida innhald. Så tok vi fri første time, slik at dei fekk tid til å ete ekstra mykje av den gode maten.
Godfrokosten vart eit lyspunkt i ei travel tid.
Roar med veldig god sørvis.
God stemning - tidleg om morgonen
Kelnarane er klare til teneste
Hager, Berit og Helge til teneste.
Egg og eggerøre var ein favoritt. Margit er på saken.
Eva med dagens første bestilling.
Roar og Ragnhild puggar menyen.