Gode søkartal
Sygna er ferdige med førsteinntaket for skuleåret 2026/2027 og søkartala er svært gode.
Totalt har 323 søkt om skuleplass. 243 har Sygna som førsteønskje. Dette er ein auke på 18% frå i fjor.
På Vg1 har 98 søkarar Sygna på førsteplass, ein auke på 27% frå i fjor.
No har søkarane fått enten inntaksbrev eller eit ventelistebrev. Svarfrist for dei som har fått tilbod er 1. april.