Historisk sus

Før skulebygget til Sygna vart kjøpt av Misjonssambandet heilt på slutten av 70-talet, var det statsrealskule med elevar frå store delar av landet.

I dag hadde vi besøk av eit historisk kull av 50-årsjubilantar frå statsrealskulen. Dei var nemleg det siste kullet som avslutta denne utdanninga, ikkje berre i Balestrand, men det siste kullet i Noreg. Dette fortalte dei stolte då dei samlast i klasserom 11 som var deira klasserom.  Praten gjekk lett og gjensynsgleda var stor. Etter litt om og men fann dei også pulten sin, i alle fall pulten som stod er dei deira pult ein gong hadde stått. Dei fortalte morosame historier om ulike pek mot læraren som den gongen dei hadde løysna ei skrue i stolen ved kateteret slik at læraren deisa i golvet då han sette seg.

Dei var også interesserte i å høyre om Sygna og dagens ungdom. Då kunne eg stolt fortelje kor flott ungdom vi framleis samlar i det gamle, ærverdige bygget på Sygna. 

Takk for besøket

Neste
Neste

Helsefagarbeidere under opplæring