HO på overnattingstur
Tysdag 27. mai pakka HO-klassen bilen med telt og mykje god mat, for å ta turen til Kvamsøy. Målet med turen var å lære å setje opp telt, leike oss ute i friluft, lage mat på bål og kose oss saman.
Sjølv om det regna når vi reiste, var humøret på topp. Været vart godt, telta kom opp, maten vart laga og eten opp, og humøret heldt seg.
Morgonen kom, med øsepøse-regn, klissklasse telt, men frukost ute rundt bålet var toppers. Dette gjer vi gjerne igjen!