Kristine talar på torsdagsmøtet i dag

I dag er det, som det er kvar veke; torsdagsmøte. Men noko som er litt utanom det vanlege, er at det er tredjeklassingen Kristine Friborg som skal ha andakten.

Kva føler du no, Kristine? Eg er veldig nervøs, så er veldig takknemlig for alle som ber for meg.

Har du hatt andakt før? Kvar tysdag får eg muligheten til å fortelle om Jesus på barnekoret Joy. Det er veldig kjekt! Eg har også blitt utfordra til å ha opning på torsdagsmøte, og på møter heime. På Skilbrei (leirstad utanfor Førde, eigd av NLM) har vi møte annankvar søndag, der blei eg tidleg utfordra til å ha barneopplegget.

Kan du avsløre litt av kva du skal snakke om? Eg skal snakke om det å vere "molefonken", om korleis det å føle seg sliten kan påvirke korleis vi ser på oss sjølv, og kva Bibelen sitt svar på veikskap er.

Kva er målet ditt med å ha andakter? Gjennom andaktene har eg som mål om å gjere Gud stor, og meg liten. Jesus har gjennomført tidenes redningsplan, men ikkje alle har høyrt eller tatt imot redningen. Det er min motivasjon!

Med det ønsker vi Kristine lykke til! Kom og høyr! Møtesalen på Sygna, klokka 20.00! Velkommen

Forrige
Forrige

Mot eit felles mål

Neste
Neste

Velkommen til vårfest, foreldredag og misjonsløp