Kulturmøte og kaffiselskap

Ein heil dag med same faget gjev store moglegheiter til å gjere noko anna enn vanleg undervisning. Vi nærmar oss tid for repetisjon av det vi har vore igjennom, og nytta sjansen denne onsdagen til å kople kos og skule. Etter at vi hadde hatt eit par timar på skulen med undervisning, gjekk vi heim til underteikna og laga mat og åt lunsj.

Etterpå var det tid for kaffiselskap. I selskapet fekk vi besøk av to muslimar, ein tjuv, eit nabopar som hadde utfordringar med kor dei skulle sette opp gjerdet mellom eigendomane, ein som var medlem i Den nordiske motstandsbevegelsen, ei som var knytt til ei «avvikar-gruppe» som held til på «Spor 19», ho hadde med mor si (sjå dokumentar Spor 19), og ei som hadde utfordringar med diverse sjukdomar.

Kaffiselskapet hadde som mål å sjå om det går an å bli einige og fungere saman trass i at ein har svært ulike syn og haldningar på mange ulike tema. Ut frå lydnivået og engasjementet tyda det på at dette var særs vanskeleg. Til slutt måtte verten gripe inn og utfordre dei til å kome med løysingar på problemstillingane som hadde dukke opp undervegs.

Konklusjonen vart nok at med litt godvilje frå alle så er det mogleg å kome til ei viss forståing av andre sine tankar og meiningar, men at det er vanskeleg å bli einige om alt.


ALH

Forrige
Forrige

Rush på kostymeloftet

Neste
Neste

Åpent hus