Lærerik og sosial utveksling via Erasmus+
I starten av september hadde Sygna besøk av ein fin gjeng frå Obermayr Europa-Schule i Rüsselsheim i Tyskland. Dei var her på kulturell og naturfagleg utveksling, finansiert gjennom Erasmus+, som er EU sitt program for utveksling innan utdanning.
Søndag kveld kom seks tenåringar og læraren deira til Balestrand. Dei var slitne etter den lange reisa frå Rüsselsheim (nær Frankfurt), og dei var spente på kva opphaldet på Sygna ville by på. Dei blei innkvarterte på internata, fekk litt informasjon om programmet vidare, og begynte å gjere seg kjent med området og folka her.
Måndag morgon gjekk dei inn i skulekvardagen saman med elevane våre og deltok i engelsk, entreprenørskap og fysikk. før dei på ettermiddagen fekk omvisning på Balholm og i Ciderhuset.
På tysdagen reiste dei opp til Turtagrø, kor biologiklassen var på feltkurs. Saman gjekk dei til Nedre Dyrhaug, ca 1200 m.o.h., som baud på flott utsikt og var eit høgdepunkt på fleire måtar, særleg for gjestane frå det tyske låglandet. Grilling ved hytta på Turtagrø var òg populært.
Onsdag var dei tilbake på Sygna, og dagen vart brukt til å fordjupe seg i energi, programmering og digital prosessering saman med fysikklassen. Det tette samarbeidet mellom norske og tyske elevar fungerte godt og fostra både vennskap og fagleg forståing.
Torsdagen var dei klare for ny utflukt, og denne gongen var det isbrear og klimaendringar som stod i fokus. Turen gjekk over Gaularfjellet, kor dei var innom både utsiktsplattformen og brua over Likholefossen, vidare gjennom Jølster og til Fjærland. Dei var innom Brævasshytta og fekk sjå det som er att av Bøyabreen, før dei fór til Norsk Bremuseum. Der fekk dei kyndig omvising av Pål Hage Kielland, som lærte dei om brear, klimaendringar og spesielle trekk ved geologien i området.
På fredagen stod Sognefjorden i sentrum. Saman med kjemiklassen fekk dei lære om miljøet gjennom praktisk undersøking av vassprøvar frå fjorden. Etter lunsj besøkte dei Norsk Reiselivsmuseum, og på ettermiddagen tok Helge dei med på ein fin båttur på fjorden.
Laurdagen gjekk terrengløpet Balestrand Opp og Rundt av stabelen, og både gjestar og elevar var med å skape god stemning i start- og målområdet på Kreklingen. Det vart òg tid til aktivitetar som biljard, bordtennis og foosball, og om kvelden var alle gjestane med på Firkanten, der målet var å vere den siste som står att i firkanten sin på slutten av kvelden.
På søndagsmorgonen reiste gjestane heim, med mange inntrykk, ny kunnskap og nye vennskap i bagasjen. For nokre var det hardt å ta farvel, men dei held nok kontakten, og det er godt å vite at dei skal møtast igjen i februar. Då tek Ellen med seg ein gjeng frå Sygna på gjenvisitt til Rüsselsheim.
Takka vere Erasmus+ programmet kan altså elevar og lærarar frå ulike land møtast og berike kvarandre. Vi får lære saman og av kvarandre, om både kultur og fag, vi får nye inntrykk og erfaringar, og vi får knyte vennskapsband som varer.