Svette, eleganse, kostymer, gode fotballferdigheter, supporterar og god stemning.
Nattcupen er eit tradisjonsrikt arrangement med kostymer, fotballkampar for kvinner og menn, kiosk, høgt lydnivå, høgt engasjement og ein liten dose temperament. Når i tillegg tribuna er smekkfull er det god stemning.
I herreklassen stakk tilreisande "LVS oldboys" av med sigeren. Dameklassen vart vunnen av "Moods of Felleskjøpet". Prisen for beste kostyme gjekk til "Spetakkel". Dommarprisen gjekk til Benjamin i 3 id. Det vart og premiert for beste supportergjeng. Denne prisen vann supportergjengen til "Moods of Fellesskjøpet".
Takk til russen for nok eit bra gjennomført arrangement!