Ny administrasjonsleiar på Sygna

Frå første august er det Ole Johannes Meling Skartveit som møter deg på administrasjonsleiar-kontoret på Sygna.

Anne Margrethe Kråvik går av med pensjon etter dette skuleåret, noko som har skapt litt hovudbry: Det er ikkje berre enkelt å overta ein slik stilling. Administrasjonsleiaren held styr på både pengar, folk og veldig mange små og store prosjekt. Difor vart vi veldig glade og veldig fornøgde då Ole Johannes takka ja til tilbodet om stilling. Han er utdanna økonom, har erfaring frå liknande stilling på Ryenberget og kjem frå ein økonomi-stilling i det private næringslivet. Dessutan er han ein voldsomt triveleg fyr.

Vi ønskjer Ole Johannes velkommen til Sygna og kona, Solrunn velkommen tilbake til Balestrand!

Ole Johannes Meling Skartveit vert ny administrasjonsleiar på Sygna frå 1. august

Neste
Neste

Finne venner