Nye tilsette
Elevtalet stig på Sygna - og i vår såg vi at vi treng fleire nye tilsette. Vi er difor kjempeglade for dei nye, flotte medarbeidarane som skal vere med og ta imot elevane våre.
FV: Liljan Klokkernes, Elisabeth Eidsheim, Henrik Hitland, Hilde Strangstad og Marius Aarseth
Liljan Klokkernes er utdanna grunnskulelærar og skal undervise i 2BU, medan Elisabeth Eidsheim er sjukepleiar med erfaring frå både institusjon og heimesjukepleie. Ho skal undervise i 1HO og 2HA. Miljøarbeidarar i år er Henrik Hitland, som var russ på Sygna i 2023 og Hilde Strangstad, som gjekk Vg1 på Sygna i 20/21. Dei vert ein del av miljøteamet vårt, saman med Aud Laila Heier, Anna Skjæveland, Kurt Arild Ohma og Karsten Tollheim - eit kjempeteam! Marius Aarseth er utdanna lærar og skal undervise på idrett og i kristendom.
Velkommen inn i kollegiet, alle saman!