Russens misjonsprosjekt
Tidlegare i haust var dei to misjonsprosjektansvarlege, Malin Christine Ohma og Eirill Skjerdal i Peru, saman med representantar for russen frå Kvitsund vgs. Der besøkte dei fleire av prosjekta som Misjonssambandet har i landet.
Malin og Eirill fortel:
Vi fekk oppleve mykje spennande, møte mange inspirerande menneske og sett kor viktig arbeidet i Peru er. Misjonssambandet driver med mykje forskjellig i Sør-Amerika, og vi fekk vere med å besøke ungdomsklubbar, skuler og kyrkjer, og vi fekk også vere med på å lage reklamefilm for bakeriet misjonen driver i Peru.
Noko av det som gjorde størst intrykk på oss var å sjå kor små kyrkjene var. Mellom 5-9 personar møtte opp til møtene, og leiarane var prega av mykje ansvar fordelt på få personar. Få var villige til å arbeide i forsamlingane, fordi det gav lite lønn. Likevel opplevde vi menneska som engasjerte og glade. Dei tente Gud med iver og glede med det dei hadde av ressursar og tid. Det var inspirerande å sjå deira brann for Jesus, sjølv i deira krevjande situasjon. Vi fekk også sjå korleis dei brukte sine evner for å tene Gud. Dei hadde ikkje mykje, men brukte det dei hadde. Om det var å selje kake, vere vaktmeister, ungdomsleiar eller anna, så gjorde dei det for Gud og for misjonen.
Vi var også ein tur til Juliaca, der vi reiste til ein offerplass og såg korleis menneska der ofra til moderjord, Jesus og andre gudar. Det gjorde sterkt intrykk å sjå at menneska der sette sin lit til avgudar, utan å vite at det dei tilbad ikkje kunne hjelpe dei. Dei ofra for å sikre seg gode avlingar, hus, mat og det dei elles trengte og ønska. Turen der viste oss kor mykje Sør-Amerika har behov for Jesus og det arbeidet misjonen driv med. Med å støtte prosjektet vårt får fleire ungdommar moglegheit til å ta teologiske kurs, barn får moglegheit til å gå på kristne skuler og kyrkjene får meir støtte slik at dei kan drive barne og ungdomsopplegg og betale pastorar.
Pengane gjer ein forskjell. Likevel var det ikkje pengar dei var opptatt av når vi spurte dei i Peru kva dei trengte. Dei ønska at vi skulle be for dei. Be om at dei måtte få pastorar som ville dedikere seg til arbeidet. At fleire skulle søke Gud og sjå at han er den einaste vegen til frelse.
Takk for at du støtter prosjektet vårt, både i pengar og bønn! Det betyr meir enn du veit.
Hilsen Malin og Eirill