Ute-skule for 1HO

I løpet av året skal elevane som går Helse og oppvekstfag prøve seg i ulike yrke. Onsdag fekk dei prøve seg som barne- og ungdomsarbeidarar då vi tok turen til Lunde på Dragsvik.

I grupper hadde dei ansvar for ulike uteaktivitetar for kvarandre. I tillegg er det viktig å lære seg å kle seg etter været.  Denne dagen fann vérgudane ut at dei verkeleg skulle teste oss på dette – for vi kan seie at det regna SVÆRT mykje denne dagen. Dei fleste var nøgd med kleda sine, men skotøy er det forbetringspotensiale knytt til for ein del. Elles fekk vi testa kor gode vi var til å lage bål, grillpinnar, fisking og «smores».

Ein nydeleg dag, med ein nydeleg gjeng.

Neste
Neste

Praksisøving i 2HA