Vi er i gang

Det er laurdag, midt i august - og endeleg er vi i gang på Sygna! Heile området sydar av liv: trillekoffertar med klær, øskjer med nips, stappfulle bilar, gjensynsglede, nervøse blikk, trafikkork(!) og masse, masse aktivitet. Alt er som det skal vere når 180 elevar skal starte opp eit nytt skuleår - 145 av dei skal ha internatrom og foreldre skal sjå deira unge, håpefulle ta nye steg mot vaksenlivet.

Vi ønskjer dykk hjarteleg velkomne - alle saman!

Forrige
Forrige

Vg2 til Buråsi og Raudmelen

Neste
Neste

Velkommen til eit nytt skuleår