På denne sida legg vi ut informasjon til foreldre/føresette i perioden der skulen er stengt pga. den pågåande situasjonen med spreiing av korona-virus.
Tysdag 12. mai
Kjære elevar og foreldre/føresette
No er skulen på full fart inn i nesten normal drift att og vi gledar oss veldig! Vi ønskjer elevane hjarteleg velkomne tilbake.
Det er ein del viktig informasjon som skal delast no – difor er det flott at så mange av dykk elevar deltok på Teams-møta vi arrangerte i går. De hadde mange gode spørsmål – eg håpar de fekk greie svar.
Det er viktig at både de som er elevar og vi som jobbar på Sygna set oss godt inn i smittevernreglane som gjeld. Vi har oppdatert desse reglane etter at regjeringa kom med ny veiledar i førre veke. Du finn dei oppdaterte reglane her.
Noko av det viktigaste er at elevar og personale som er sjuke ikkje skal møte på skulen. Dersom ein har hoste, sår hals, feber eller er tungpusta, skal ein vere heime/på internatrommet. Internatelevar med slike symptom vil bli testa for Covid 19. Ein får ikkje forlate rommet før ein har fått svar på testen og sjølv om testen er negativ, må ein vere på rommet til symptoma er vekke + ein dag.
Klarer vi å unngå at sjuke kjem på skulen, samt at vi klarer å halde minst ein meters avstand, er veldig mykje på plass. Kvar og ein av oss har eit sjølvstendig ansvar for å klare dette.
For å redusere antal elevar i matsalen, vert lunsj, middag og kvelds servert i to omgangar. I den oppdaterte timeplanen står det kva klassar som skal møte til lunsj i fjerde time og kva klassar som skal møte til middag i niende time. Dersom det ikkje står noko i din timeplan, skal du møte til vanleg tid. Timeplanen er og endra noko for å sikre at det er nok plass i klasseromma. Når vi har fått litt meir erfaring, kan det bli nye justeringar.
Perioden med heimeskule er no over. Då vi hadde hatt heimeskule nokre dagar, la vi ut ei spørjeundersøking både til dykk som er elevar og til dykk som er foreldre. Mange svarte på denne og vi gjorde endringar i opplegget vårt ut frå dei tilbakemeldingane vi fekk. No vil vi gjerne invitere dykk til å svare på desse undersøkingane på nytt – etter at heimeskuleperioden er over. For oss er det veldig nyttig å få tilbakemeldingar, både på det som har fungert og det som vi ikkje har klart godt nok. Vi håpar sjølvsagt at vi ikkje får ein slik periode igjen, men vil likevel vere så godt førebudde vi kan dersom noko liknande skulle oppstå igjen.
Svarskjema for deg som er forelder/føresett
Til slutt: Vi kjem i løpet av denne veka til å avgjere kva som vert siste skuledag for det enkelte trinnet (vi vil nok prøve å avslutte skuleåret på ulike dagar for dei ulike trinna) og korleis vi skal gjennomføre årets avslutningsfest for Vg3-elevane. Mykje tyder på at vi ikkje klarer å gjennomføre ein avslutningsfest med foreldre dersom vi skal halde smittevernreglane, men vi skal få til ein kjekk og verdig avslutning for elevane våre likevel.
Takk for godt samarbeid dei siste vekene – og velkommen tilbake til alle elevar!
Fredag 8. mai
Endeleg skal vi få starte opp att med tilnærma vanleg skule igjen. Tida med heimeskule og fjernundervisning er over og vi skal få sjå og høyre kvarandre utan at det er ein skjerm mellom oss. Vg2 BU og HA har allereie vore på skulen nokre dagar, men no gledar vi oss til at dei skal få selskap av resten av dykk.
Første skuledag på Sygna vert onsdag 13. mai.
Dette betyr at internatelevane kan kome tilbake til internatet tysdag 12. mai. Internatet opnar kl. 09.00, men første måltid vert servert kl. 19.00 – 21.00. Det betyr at du må ta med matpakke dersom du kjem tidleg tysdag.
Spesielt for Vg3: Heile Vg3 har norsktentamen onsdag 13. mai. Denne er planlagt og vert gjennomført som heimetentamen. Det betyr at du kan sitje heime og gjennomføre tentamen. For deg som bur på internatet betyr det at du og kan sitje heime og gjennomføre tentamen dersom du klarer å kome til internatet onsdag ettermiddag/kveld – eller på skulen torsdag. Dersom du ikkje rekk det, kjem du til internatet tysdag og gjennomfører tentamen på internatrommet onsdag. Vg3 får tilgang til oppgåvene tysdag kl. 21.00. Leveringsfrist er onsdag kl. 15.30. Det vert oppfølging frå John Martin og Magni via Teams.
Til deg som bur på internatet: Viss du ikkje kjem tilbake til internatet i løpet av tysdag 12. mai ber vi deg sende sms til internatleiar og skrive kva tid du kjem. Send til 404 43 874
Når vi no endeleg får dykk tilbake på skule og i internat, så vil vi legge til rette for ein så normal plan som mogeleg. Det er likevel nokre viktige forholdsreglar ein må passe på:
1. Viss du er sjuk skal du ikkje kome til skulen – uansett sjukdom. Dette er det viktigaste smitteverntiltaket av alle.
2. Internatelevar tek med eigen febermålar, paracet (el.l) og ekstra sengetøy
3. Det er viktig at ein held regelen om ein meters avstand til medelevar og andre
4. Det vert ikkje lov å besøke andre internat enn det ein bur på
Vi har laga smittevernreglar som går meir i detalj, men dette er nokre viktige punkt. Det er kome ny smittevernveiledar frå regjeringa. Det betyr at vi innan måndag vil oppdatere våre smittevernreglar i samsvar med veiledaren. Det er viktig at ein følgjer desse reglane: Dei er laga for at vi alle skal vere trygge.
Legekontoret i Balestrand har oppretta gode testrutinar og vi er i tett dialog med dei. Elevar med symptom på Covid 19 vil bli testa. Ved stadfesta smitte er utgangspunktet at eleven skal heim. Då er det viktig at ein har mogelegheit til å bli henta, då kollektivtransport ikkje er eit alternativ. Vi oppfordrar alle elevar til å laste ned Smittestopp-appen.
Vi kjem til å følgje vanleg timeplan så langt det er mogeleg, men nokre justeringar gjer vi for å sikre at vi følgjer smittevernreglane både mtp. klasserom, internat og matservering. Oppdatert timeplan vert klar til måndag.
I samråd med misjonsansvarlege i russen har vi bestemt at misjonsløpet vert utsett. Når de no kjem tilbake til skulen i løpet av komande veke, arrangerer vi misjonsløpet her på Sygna. Det vert nok ikkje eitt, stort løp. Vi kjem til å dele dykk opp i grupper (t.d. trinnvis) og gjennomføre løpet i fleire økter. Vi kjem tilbake til tidspunkt. Nytt den ekstra tida til å skaffe fleire sponsorar.
Vi gledar oss som sagt til å få dykk tilbake – håpar de gledar dykk også. I dag, fredag, og måndag gjer vi dei siste førebuingane for å få alt klart til oppstart.
Vi inviterer samtidig alle elevar til informasjonsmøte i Teams. Vi deler dette opp i to møte:
Vg1 og Vg2: Måndag 11. mai kl. 10.00
Vg3: Måndag 11. mai kl. 11.00
Her vil vi informere meir om oppstarten og de vil få høve til å stille spørsmål.
Velkommen tilbake til Sygna!
Torsdag 7. mai
Regjeringa har i ettermiddag bestemt at alle skular skal opne i løpet av komande veke. Vi kjem tilbake med konkret informasjon, men Sygna opnar ikkje måndag 11. mai. Vi kjem med informasjon om opning for kvart klassetrinn i løpet av fredag. Vi gledar oss veldig til å få elevane tilbake!
Torsdag 30. april
No gledar vi oss til å starte opp att skulen med dei første elevane. Tysdag 5. mai ønskjer vi 2BU og 2HA velkomne tilbake på skule og internat. I samband med dette har vi klar smittevernreglar som gjeld for skule og internat. Desse er bygde på regjeringa sitt veiledningsdokument. Det er og sjekka opp mot smittevernoverlegen i Sogndal kommune. Han seier at reglane er gode. Han har to innspel: Det er viktig at elevar og tilsette følgjer desse reglane, og det er viktig at ein seier ifrå dersom ein har symptom slik at ein kan bli testa raskt.
Regjeringa har varsla ein plan for vidare opning av samfunnet neste veke. Skulane har i dag fått brev frå kunnskapsministaren der ho signaliserer at skulane vil vere ein del av denne planen. Vi reknar difor med at alle elevane kan kome tilbake til skulen før sommaren. Kanskje vert det puljevis - dette får vi altså vite meir om komande veke.
I samband med fakturering av internatpengar i april reduserte vi internatpengane slik at ein ikkje skulle betale meir enn bustipendet (sjå informasjon frå 27. mars). Ut frå den oversikten vi har no, held vi fram med dette også for faktureringa i mai. Dette betyr at denne og vil bli på kr. 4300,- for dei elevane som ikkje startar opp att 5. mai. Vi har samtidig varsla at vi ikkje tenkjer at Sygna skal tene på at internata er stengde - vi har som mål å gå i null. Dersom det viser seg at internatet vert stengt mesteparten av mai kan det bli aktuelt med tilbakebetaling av delar av summen.
Komande veke planlegg vi ei samling for foreldre og elevar i Teams. Dette er meint som ei samling der ein kan stille spørsmål som ein sit med i denne situasjonen. Vi er ikkje klare med tidspunktet endå, men det vil bli gjort kjent på denne sida.
No ønskjer vi alle foreldre og føresette ei god helg. I morgon er det 1. mai og fri. Sygna har og fri måndag 4. mai, noko som betyr at elevane får ei velfortent langhelg.
Onsdag 22. april
Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen er avlyst. Det vert altså ingen eksamenar på Sygna denne våren. Privatisteksamenane skal gjennomførast som planlagt.
Dette betyr og at vi får betre tid til å drive vanleg undervisning og at elevane får betre tid til å jobbe med standpunktkarakterane sine.
Fredag 17. april
Vi tek sikte på å opne for vanleg undervisning i Vg2 HA og BU frå tysdag 5. mai. Dersom det kjem opplysingar i komande veke som gjer dette vanskeleg, vil vi vurdere å utsetje oppstarten, men 5. mai er det vi satsar på og planlegg for.
Regjeringa har opna for oppstart 27. april, men har og sagt at det skal gjerast lokale vurderingar. Dette har vi gjort. Sentrale moment i desse vurderingane, som og smittevernlegen i Sogndal kommune, samt lokal lege har vore med i, har vore:
- Grunnen til at regjeringa ønskjer å starte opp undervising for Vg2 Yrkesfag er for å sikre at praktisk undervisning som må gjerast på skulen skal kunne gjennomførast. Det finst kompetansemål i 2BU og 2HA som best kan gjennomførast på skulen, men desse krev tett fysisk kontakt, og ein har god tid til å gjennomføre desse sjølv om ein utset oppstart til 5. mai.
- Dette gjeld relativt få elevar - og svært få internatelevar. Dette gjer det enklare å sikre smittevern, men samtidig skal svært få elevar bu i internatet, truleg ganske lenge, før det vert opna for fleire elevar. Det kan vere krevande å bu veldig få elevar i internatet over lang tid.
- Det er framleis mange kompetansemål som kan løysast tilfredsstillande med heimeundervising.
- Fredag 1. mai og måndag 4. mai er fridagar i skuleruta. Dersom ein startar opp måndag 27. april vil ein då gå på skulen i fire dagar før det kjem ei langhelg på fire dagar. Dette er ikkje særleg heldig, særleg med tanke på internatelevane.
- Dei sentrale smittevernreglane for opning av skular kjem først i komande veke. Vi ønskjer god tid til å tilpasse desse til skule og internat - og få desse tilpassingane vurderte av smittevernoverlegen. Det skal vere trygt å kome tilbake til Sygna - både for elevar og tilsette.
Vi vil kome med oppdatert informasjon om delvis opning av skulen i løpet av komande veke.
Det vert ikkje avslutningsfest for Vg3 laurdag 6. juni, slik som planlagt. Slik smittevernreglane er no, er det ikkje mogeleg å gjennomføre den tradisjonelle avslutningsfesten 6. juni. Vi er usikre på korleis vi skal løyse dette. Kanskje kan det vere mogeleg å gjennomføre nærare skuleslutt, men det er ikkje veldig sansynleg. Kanskje kan vi gjennomføre ei markering berre med elevane i Vg3. Dette må vi kome tilbake til når regjeringa kjem med nye reglar i månadsskiftet april/mai.
Tysdag 7. april
Regjeringa har i dag bestemt at skulestenginga i vidaregåande skule held fram. No veit vi at det ikkje i alle fall ikkje vert opna den 27. april. Skulen er altså stengt - og fjernundervisinga held fram inntil vidare.
Det er gjort unntak for Vg2 Yrkesfag. Grunnen til at regjeringa vil at elevar som går Vg2 Yrkesfag skal tilbake på skulen 27. april er at mange av desse elevane er avhengig av å gå på skulen for å lære det dei skal for å kunne gå vidare med læretid. Akkurat no er vi litt usikre på kva dette betyr for 2BU og 2HA på Sygna. Det vil kome ny beskjed når vi veit noko meir konkret.
Fredag 3. april
Vi legg no bak oss tre veker med heimeundervising. Vi vil gjerne få takke for innsatsen kvar enkelt legg ned for at dette skal fungere - og at elevane skal få god undervising i ein vanskeleg situasjon. Heile skule-Norge har same utfordring - vi løyser den saman. No får elevane ei velfortent pause. Vi vil gjerne ønskje alle foreldre og føresette ei god påske. Helsar dykk med desse flotte orda:
Frykt ikke mere! Evig er han med.
Troens øye ser det; Han gir liv og fred.
Kristi navn er ære, seier er hans vei.
Evig skal han regjere, aldri frykter jeg.
Onsdag 8. april avgjer regjeringa kva som skjer mtp. vidare skulestenging. Vi har bestemt at Sygna uansett ikkje opnar før måndag 20. april. Det betyr at det vert heimeundervising onsdag 15. - fredag 17. april. Oppdatert informasjon kjem på denne sida etter at regjeringa har sagt sitt. Vi er og i kontakt med smittevernoverlegen i Sogndal.
Frå og med onsdag 15. april vert det daglege møte mellom elevane og faglærarane i Teams. Sjå lenke til plan for desse møta under. Vi startar onsdag 15. april kl. 12.00 med møte mellom elevane og kontaktlærar.
Her ser du planen for møta i Teams
Onsdag 1. april
Vi har sendt ut spørjeundersøking til dykk foreldre og til elevane der vi spør om de er nøgde med måten vi har lagt opp heimeundervisinga. Det er framleis mogeleg å svare på denne undersøkinga. Jamt over får vi gode - til dels svært gode tilbakemeldingar. Det er tydeleg at både elevar, lærarar og foreldre gjer ein god innsats for at heimeundervisinga skal bli best mogeleg. Noko av det vi ser er eit forbetringspunkt frå skulen si side er fleire organiserte møte mellom faglærarar og elevgruppene i Teams. Frå onsdag 15. april vil vi difor starte opp med to daglege møte i Teams - eitt kl. 09.00 og eitt kl. 12.00 (nokre unntak - det vert møte kl. 14.00 for nokre grupper enkelte vekedagar). Det vert sett opp ein plan som gjer at alle elevane får møte alle faglærarane ein gong i veka. Førebels vert dette eit tilbod elevane sjølve kan velje om dei vil nytte seg av, men vi oppfordrar alle til å delta. Planen vil bli delt med dykk (her på sida) og med elevane når den er heilt klar.
Fredag 27. mars
Regjeringa har utvida skulestenginga til påske og sagt at dei kjem med ny vurdering onsdag 8. april (onsdag før skjærtorsdag) mtp. vidare stenging. For Sygna sin del tenkjer vi det for mange av dykk er vanskeleg å forholde seg til at de kanskje skal sende elevane tilbake på skulen til oppstart onsdag 15. april utan å vite noko før den 8. april. Vi har difor bestemt at skulen vert stengt vidare - og at oppstart etter påske vert måndag 20. april. Det vert difor heimeundervising onsdag 15. april - fredag 17. april. Dersom regjeringa bestemmer at skulestenginga held fram etter påske, gjeld sjølvsagt dette Sygna og.
I samband med at skulen er stengt reduserer vi april-fakturaen for kost- og internatpengane.
Situasjonen er framleis uoversiktleg. Nokre utgifter ved internatdrifta vert lågare i denne perioden, andre utgifter er det vanskeleg å redusere. Vi ønskjer å formidle at skulen ikkje tenkjer at den skal «sko seg» på situasjonen. Samtidig ønskjer vi heller ikkje å hamne i ein situasjon der vi må auke kost- og internatpengane seinare fordi ein går med tap i denne perioden.
Situasjonen er og uoversiktleg for mange heimar. Difor fakturerer vi i april ikkje for meir enn det elevane får i bustipend. Bustipendet er likt for alle – dette skuleåret er summen kr. 45 170,-. Utbetalingane frå lånekassen vert fordelt på ti månadar, med ein noko høgare sum i august og januar enn resten av månadane.
Etter kvart som vi får meir oversikt over dei faktiske endringane, vil vi justere fakturaen for mai. Dersom stenginga av skulen held fram, vil vi halde på prinsippet om ikkje å overstige bustipendet.
Skulen er, som så mange andre, i ein usikker situasjon. Sjølv om nokre utgifter vert reduserte som følgje av skulestenginga er det mykje usikkerheit rundt desse innsparingane. Det er dessutan spenning knytt til om denne situasjonen vil påverke elevtilgangen til hausten. Vi er difor takksame dersom det er nokon som kan tenkje seg å støtte skulen, t.d. ved å betale internatpengar som vanleg, utan reduksjon. Det er og mogeleg å bli givar til skulen – enten med eit eingongsbeløp, eller som fast givar. Dette ordnar ein her .
Onsdag 25. mars
Skriftleg eksamen avlyst I dag er følgjande bestemt av regjeringa (henta frå udir sine heimesider):
Alle eksamener for 10. trinn og alle skriftlige eksamener for elever på videregående skole er avlyst
Regjeringen har besluttet å avlyse alle skriftlige og muntlige i eksamener på 10. trinn og alle skriftlige eksamener i videregående skole våren 2020. Alle elever får vitnemål selv om eksamen avlyses.
Kunnskapsdepartementet vil vurdere om det vil være mulig å gjennomføre muntlig eksamen. Dette vil bli besluttet etter påske.
Kunnskapsdepartementet ser nå på mulige løsninger for at privatistene skal kunne ta eksamen.
Tysdag 24. mars
Sist veke ringde vi alle foreldre for å gi litt informasjon og for å få tilbakemeldingar på korleis de som foreldre/føresette opplever situasjonen med heimeundervising. Tilbakemeldingane var gode - noko vi er glade for. Vi ønskjer i tillegg å gi dykk høve til å svare på nokre spørsmål i ei spørjeundersøking. Difor oppfordrar vi dykk til å svare på denne enkle undersøkinga. Den vil kunne gi oss svar på om opplegget vi driv no opplevest bra ut frå dykkar perspektiv. Elevane vil få tilbod om å svare på ei eiga undersøking.
Svar på undersøkinga her.
Vårfesten 25. april vert avlyst. Vi har fått ei henvending frå Dagfinn Høybråten om at han ikkje kan kome til Sygna laurdag 25. april. Dette skuldast korona-utbrotet. Høybråten var viktig for programmet den 25. april, då han skulle stå for det faglege innhaldet med eit foredrag om bistand og utvikling. Han skulle og ha andakten på sjølve vårfesten. Vi har difor landa på følgjande:
- vårfesten vert avlyst
- dersom skulen har starta opp att, gjennomfører vi misjonsløpet denne dagen - (dersom russetreffet i Kragerø vert gjennomført, flyttar vi misjonsløpet til ein anna dag)
- dersom skulen har starta opp att, vert det gjennomført ein halv skuledag (dette er ein skuledag i skuleruta). Vi kjem tilbake med detaljane rundt dette.
Fredag 20. mars
Sygna vert ikkje opna att før påske
Vi har venta i det lengste på signal frå regjeringa når det gjeld vidare stenging av skulane, men har no teke ei avgjerd om at Sygna stenger skulen fram til påske. Dette betyr at fjern-/heimeundervisinga held fram. Vi bygger denne avgjersla på fleire faktorar:
- Det er viktig at det vert teke ei avgjersle så tidleg at elevar kan forholde seg til det mtp. reise/bestilling av billettar osb.
- Fleire av våre søsterskular i NLMvgs har allerede teke den same avgjerda
- Fleire fylkeskommunar har på sjølvstendig grunnlag gjort det same (p.t. gjeld ikkje det Vestland fylkeskommune)
- Ei motsett avgjersle - altså å bestemme no at ein skal opne att før påske - er ikkje forsvarleg, slik vi vurderer det
Det vert ikkje ført fråvær så lenge skulen er stengt, men hugs at elevane skal levere arbeid innan fastsette fristar. Vi fører prikkar på ordenskarakteren dersom fristar ikkje vert holdt.
Det er viktig at elevane tek telefonen/svarar på e-post/gjer seg tilgjengelege når faglærar/kontaktlærar/skulen prøver å ta kontakt. Dette fungerer stort sett bra!
Onsdag 18. mars
Vi har fått eit spørsmål om fråværsføring og oppmøte i samband med heimeundervisinga.
Mange skular praktiserer at elevane skal møte opp i eit digitalt klasserom til fastsette tider. Vi har ei anna ordning.
Elevane skal forholde seg til periodeplanar i kvart fag. I desse planane skal arbeidsoppgåver stå og avtalar mellom faglærar og elevane skal hentast der. Vi følgjer altså ikkje vanleg timeplan, men elevane får oppgåver/oppfølging tilsvarande timetalet på timeplanen og dei får fristar som skal haldast.
Faglærar skal følgje elevane tett og kontaktlærar skal vere i direkte kontakt med sine elevar kvar veke. Det kan og vere at faglærarar arrangerer digitale treff på gitte tidspunkt.
Det er ikkje fråværsføring i denne perioden, men elevane får prikkar på ordenskarakteren dersom arbeid ikkje er gjort innan fastsette fristar - eller dersom andre avtalar ikkje vert holdt.
Vi er framleis inne i første veka av skulestenginga og kjem til å evaluere og justere etterkvart som vi får erfaring med måten vi har organisert dette.
Tysdag 17. mars
Vidare stenging av skulen
Skulen er i første omgang stengt til og med torsdag 26. mars. Vi ventar på melding frå regjeringa mtp. vidare stenging - t.d. fram til påske. Dersom vi ikkje får meir informasjon i løpet av veka, vil vi ta ei avgjerd sjølve fredag 20. mars.
Måndag 16. mars
Kunnskapsministaren har i dag varsla at det vil kome ei avgjerd om eksamen i vidaregåande skule i løpet av veka. Vi informerer når vi veit meir. Det kunnskapsministaren seier no, er at elevane vil få vitnemål sjølv om eksamen ev. vert avlyst.
Frå i dag skal periodeplanane i dei ulike faga vere klare for elevane. Elevane finn sine periodeplanar her. På sida til kvar klasse ligg og lenke der kontaktlærar og rektor legg siste, oppdaterte informasjon.
Faglærarane er tilgjengelege for elevane i skuletida.
Kontaktlærar kontaktar elevane minst ein gong i veka.
Nokre har kanskje spørsmål om betaling av internat- og kostpengar. Vi ber alle betale giroane som vanleg. Dersom det vert aktuelt med reduksjon i t.d. kostpengar, vert dette tilbakebetalt på eit seinare tidspunkt. Det er førebels uavklart korleis dette vert, men vi jobbar med det og kjem tilbake med meir informasjon.
Torsdag 12. mars
Sygna stenger skulen for å redusere vidare spreiing av koronaviruset.
Det er ingen på Sygna som er smitta av koronaviruset, så langt vi kjenner til.
Avgjersla heng saman med Vestland fylkeskommune si avgjerd om å stenge vidaregåande skular i fylket.
I første omgang vert skulen stengt i to veker frå fredag 13. mars. Det vert nettbasert undervisning i denne perioden og elevane må ta med skulebøker og PC heim.
Kommunikasjonen med elevane vil skje gjennom periodeplanane. Periodeplanane for kvart fag vert oppdatert i løpet av torsdag og fredag. Den faglege progresjonen vil skje gjennom det som står på periodeplanane i dei enkelte faga.
Når ein går inn på periodeplanane til dei ulike klassane vil det bli lagt ut to nye lenker:
- Ei med meldingar frå skulen. Her vil beskjedar frå skulen til alle elevar bli lagt ut etter kvart som det kjem ny informasjon.
- Ei med melding frå kontaktlærar. Her vil beskjedar som gjeld klassen bli lagtDet er viktig at ein held seg oppdatert på meldingar som vert lagt på desse lenkene.
For elevar som bur i internatet avtalar dei reisetidspunkt med heimen. Vi ønskjer at elevane reiser så fort som praktisk mogeleg. Det er viktig at elevane melder frå til internatleiar om reisetidspunkt. Elevane pakkar med seg det dei treng for to veker. Det er likevel lurt at ein planlegg for at perioden kan bli utvida, slik at ein og pakkar for påskeferien.