Kjære Sygnaelev!                

Vi er veldig glade for at du valde Sygna som skule til hausten! 

No er det snart sommarferie, og vi håper du allereie gler deg til å kome til Sygna i august. For ein del av dykk vert det eit gjensyn med vener, men for dei fleste vert det eit steg inn i noko heilt nytt. Vi veit mange sit med ulike spørsmål og i dette brevet vil vi prøve å svare på ein del av det vi veit er viktig å vite før ein kjem til Sygna.

Som du ser, ligg det også med ein del andre dokument, litt ulikt etter kva klasse du skal gå i. Alle får ein leigekontrakt eller kontrakt for heimebuarar, eit skjema om helse og i tillegg eit skjema som foreldre/føresette skal fylle ut og returnere til skulen (sjølv om du er over 18 år). Det er viktig at du vidareformidlar dette til dei.

Dersom du er under 18 år vil foreldra dine/føresette også få eit informasjonsbrev som liknar dette.


 

Skulestart

Første skuledag er laurdag 13. august.

Vi innkvarterer internatelevar mellom kl. 10.00 og kl. 16.15. Du kan kome når som helst i dette tidsrommet. Innkvarteringa skjer i gymsalen i skulebygget.

 

Programmet laurdag 13/8 vert slik:

Kl 10.00 – 16.15:       Innkvartering internat
Kl 12.00 – 15.00:       Skjeldestad Libris frå Sogndal vert her og sel aktuelle bøker og skuleutstyr på klasserom 11
Kl 13.00 – 14.00:       Middag (graut)
Kl 16.30:                    Samling med kontaktlærar
Rom: sjå infoskjerm i inngangsparti på skulebygget
Kl 18.00:                    Opningssamling i Belehalli (idrettshallen like ved Sygna) for alle elevar  og familiane deira, med m.a. orientering, presentasjonar, andakt og song.
Kl 19.15:                    Servering av varmrett i matsalen for alle elevar og familiane deira

 Det vert også ulike sosiale tilbod utover kvelden.

Når kan du kome?

Elevar som skal bu i internata kan få tildelt rom frå og med laurdag 13. august, kl. 10.00. Du kan diverre ikkje flytte inn før denne dagen. Nokre har lang reiseveg, eller kjem av andre årsaker til Balestrand fredag. Om dette gjeld deg er det viktig at du kontaktar skulen i forkant. Ein kan då gjere ein avtale om at vi låser opp internatrommet ditt, slik at du kan sove der natt til laurdag. Innsjekkinga med utdeling av nøklar skjer likevel ikkje før laurdag. Merk og at dette berre vil vere aktuelt i særskilde tilfelle, og berre om det er avtala med skulen i forkant. Første matservering er laurdag kl. 13.00 (graut).

Om du ikkje skal bu i internat er første obligatoriske samling laurdag 13. august kl. 16.30 på skulebygget. Der møter du kontaktlærar og dei andre elevane.

Internat – ønskje om rom og kva du bør ta med
Viss du har spesielle ønskje når det gjeld plassering på rom (enkeltrom/dobbeltrom/dele rom/bad med nokon spesielle), kan du gå inn på skjemaet som ligg på Sygna si nettside under «Komande elev» . Skjemaet heiter «Romønskje». Her kan du melde frå heilt fram til 15. juli, dersom du ikkje har gjort det allereie. Vi vil prøve å innfri ønskja så langt det let seg gjere.

På rommet står det seng, skrivebord, stol, klesskap og bokhylle. Store møblar utover dette er det dessverre ikkje plass til.

Dette må du ta med:

·         Overmadrass til senga (200x90)

·         Sengetøy, dvs. dyne, pute og fleire sett sengeklede. Du bør merke tøyet ditt.

·         Vaskemiddel til tøyvask

·         Toalettpapir

·         Sovepose og liggeunderlag til ekskursjonar og turar

·         Sjukeutstyr som plaster, termometer og tablettar, til dømes paracet

·         Klede og sko til kortare turar

Vi tilrår også at du tek med følgjande:

·         Skittentøykorg

·         Bosskorg

·         Bordlampe

·         Småting til pynt og hygge

·         Koppar, tallerkar og bestikk (til bruk på internatet)

Alle internata har eit kjøken med kokeplater/komfyr, mikrobølgjeomn, og kjøleskap/frys. Dette skal elevane difor ikkje ta med seg til romma. Dersom ein tek med seg vasskokar skal denne berre nyttast på felleskjøkkenet grunna brannomsyn.

Elevane skal heller ikkje ha med eigne varmeomnar, då romtemperaturen vert styrt sentralt og kan justerast ved behov på det einskilde rommet. Sjå også leigekontrakt.

Feriar/langhelger

I feriane har vi ikkje tilsyn i internata, og i følgje branninstruksen kan difor ikkje elevar bu i internatet dei periodane. Alle elevane må difor reise frå skulen i haustferie, langhelga i november, juleferie, vinterferie, påskeferie og sommarferie. I andre langhelger har vi tilsyn og elevane kan bli buande i internatet. Skuleruta finn du på Sygna si heimeside.

Besøk

Dei som eventuelt følgjer deg til opningshelga har kanskje behov for å overnatte. Vi har dessverre ikkje gjesterom, så vi tilrår at dei bestiller overnatting i bygda, til dømes:
Midtnes hotell, tlf. 57 69 42 40, Thuegården, tlf. 57 69 15 95, Kviknes hotell, tlf. 57 69 42 00 eller
Dragsvik Fjordhotell, tlf. 57 69 44 00. Maten treng dei ikkje tenkje på, sidan alle som fylgjer elevar kan ete gratis på Sygna denne helga.

Slekt og vener er sjølvsagt velkomne til å vitje deg elles i året også. Føresette og søsken under 16 år bur og et gratis inntil 3 døgn om gongen. Andre betaler for måltida dei et. Når du er "innarbeidd" som elev byr oftast heller ikkje overnatting på problem. Mange avtaler nemleg å flytte inn til medelevar, slik at besøket kan nytte verten sitt rom. Dersom du ønskjer å ha besøk i meir enn tre døgn, må du søkje om dette til internatleiar i god tid før besøket har tenkt å kome. Då betaler alle ein fast døgnpris frå og med fjerde døgnet (inkluderer mat og overnatting). Hugs at det er du som vert som må informere gjestane dine om reglane ved skulen.

 

Lærebøker/læremiddel

Vi kjøper inn dei aller fleste bøkene, og elevane får låne dei frå skulen medan dei er elevar her. Dette gjeld ikkje skrivebøker, ordbøker, tabellar, arbeidsbøker med innfyllingsoppgåver og kalkulator. Vi legg ut boklistene i løpet av juni på Sygna si heimeside, under «Komande elev». Her finn ein informasjon om kva bøker som vert lånte ut frå skulen og kva bøker eleven sjølv må kjøpe.

Bokhandlar Skjeldestad Libris frå Sogndal vil vere på skulen og selje det meste av bøkene og utstyret du treng på opningslaurdagen mellom kl. 12.00.- 15.00.

Elevar som skal starte i Vg1 Kunst, design og arkitektur kan i tillegg bestille materiellpakke (sjå vedlagd informasjon).

Statens lånekasse for utdanning tildeler utstyrsstipend. Sjå meir informasjon under avsnittet «Stipend frå Lånekassen».

 

Målform og ordlister

I vidaregåande skule k 

Berbar datamaskin

Alle elevar skal ha berbar datamaskin. Dette skreiv vi også litt om i inntaksbrevet. Elevane har fått velje om dei ønskjer datamaskin gjennom skulen, eller om dei tek ansvar for å kjøpe maskin sjølve. Ordninga er slik:

Dersom du låner PC av skulen, vil dette koste ca. 1100,- pr. skuleår. Summen svarer til lågaste sats for utstyrsstipend frå Lånekassen. Etter 3 år eig du maskina.

Skulen har nå kjøpt inn maskiner til alle som har kryssa av for at dei vil låne PC. Elevane som skal låne datamaskin, vil få den utlevert første veka og samstundes underteikne ein lånekontrakt som set betingelsane for bruken av maskina.

Litt om faget kristendom

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) eig og driv skulen. Sygna er ein skule med kristen målsetting. Dette kjem til uttrykk m.a. ved at det er ein obligatorisk ord for dagen kvar morgon.

Alle elevane har undervisning i kristendom på Vg1 og Vg2. På yrkesfagleg utdanningsprogram har elevane 2 veketimar. Desse timane er ein del av faget Yrkesfagleg fordjuping. På studieførebuande utdanningsprogram har elevane 2,5 timar i veka på Vg1 og på Vg2. Dette faget kan erstatte eit 5-timars programfag på Vg2. Dette får du meir informasjon om når vi har starta skuleåret.

 

Fastlegeordninga

Du har truleg ein fastlege på heimstaden din. Vi rår til at du skiftar fastlege medan du er elev ved skulen. Elevar som ikkje har fastlege i Balestrand, har berre rett på akutthjelp hjå legen i Balestrand. Det betyr at det kan ta fleire dagar å få kome til lege dersom det ikkje hastar. Med tanke på m.a. dokumentasjon av fråvær kan det vere ekstra viktig å ha fastlege i nærleiken. Du kan enkelt skifte attende til heimelegen din når du er ferdig på Sygna.

Du kan skifte fastlege ved å gå inn på denne adressa: www.helsenorge.no.

Skulehelsetenesta ved helsesøster er tilgjengeleg på skulen ein gong i veka.an du sjølv velje om du vil ha nynorsk eller bokmål som hovudmål. Dersom ein ikkje av spesielle grunnar er friteken for vurdering i sidemål skal ein ha vurdering i begge målformene.

Sygna nyttar nynorsk i dei fleste offisielle breva som blir sende frå skulen. I norskfaget får du sjølvsagt opplæring i begge målformene. I dei andre faga nyttar læraren den målforma han/ho finn mest naturleg.

Røyk- og snusfri skule

På Sygna har vi røyk- og snusfri skuledag. Det betyr at det er forbode å røyke/snuse i skuletida. Utanom skuletida har vi èin «røykeplass».

Økonomi 2022/23

Skulepengar og internatpengar: sjå Sygna si heimeside under «Komande elev».

Skuleåret er på 10 månader og innbetalingane skjer i månadane f.o.m. august t.o.m. mai.
Innmeldingspengane kjem i tillegg på kr 1.000.

Første faktura som du mottek i august, må betalast manuelt av alle. Du vil ved betaling i nettbanken få spørsmål om å inngå avtalegiro, og vi vil sterkt tilrå dette.

Det er viktig at ein følgjer med kvar månad på at fakturaen blir trekt frå konto, det hender at avtalegiroen ikkje går igjennom av ulike grunnar. Det vert sendt ut e-post med faktura også ved avtalegiro. I dei tilfella er faktura merka med avtalegiro.

Ved mottak av romnøkkel må du betale kr 1 500.- i depositum. Ved eventuelt tap av nøkkel, skadeverk på rom og møblar/utstyr og mangelfull nedvasking kan heile eller delar av depositumet bli halde attende når du reiser frå skulen ved skuleslutt.

For å halde nede kostpengane har vi ei ordning der internatelevane etter tur tek del i oppvasken etter måltida og fellesvask av internat. Det vert hengd opp lister som fordeler dette arbeidet gjennom året. Du må sjølv følgje med når du skal gjere din del av fellesoppgåvene. Viss dette av ulike grunner ikkje vert gjort, må eleven betale slik at vi kan leige inn andre til å gjere desse oppgåvene for å ta i vare hygiene og trivsel på internata.

Stipend frå Lånekassen

Alle elevar med ungdomsrett har rett på utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet same kor mykje foreldra dine tener. Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også, som for eksempel grunnstipend eller bustipend. Lanekassen.no opnar for søknader i juli. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Når du har søkt digitalt på deira sider får Sygna melding om dette. Vi går då inn og stadfestar at du har takka ja til skuleplass på Sygna. Les meir om stipend og lån på lanekassen.no, og sjekk Lånekassen si side på Facebook: facebook.com/lanekassen.vgs.

Kontakt til foreldre/føresette gjennom skuleåret

Vi har kontaktinformasjon til minst ein av dine foreldre eller føresette.  Dersom det er endringar, eller at du ønskjer to føresette skal ha informasjon, etter at dette vart fylt ut kan du skrive nye opplysningar på skjemaet foreldra skal fylle ut (sjå vedlegg).

Når skulen skal ut med informasjon som må sendast med vanleg postgang nyttar vi følgjande prosedyre:

Når du har oppgitt at foreldre/føresette bur på same adresse sender vi eitt brev. Dersom foreldre/føresette står oppgitt med ulik adresse sender vi til begge.

Det meste av informasjon frå skule vert berre sendt på mail. Då vert det sendt til begge foreldra dine si mailadresse.

Den som signerer husleigekontrakten eller kontrakt for heimebuarar er økonomisk ansvarleg. På kontrakten skal det også skrivast inn kva mailadresse ein skal nytte for faktura. Det betyr at faktura berre blir sendt til èin av foreldra/føresette, ev. til deg.

Fritid

På Sygna har vi mange fritidsaktivitetar som vi veit er med på å skape eit godt miljø, t.d. sosiale samlingar med ulik underhaldning, idrettsaktivitetar, biljard, buldrevegg, bordtennis, kristne møte, bibelgrupper og KRIK.

I Balestrand har vi eit aktivt fotballmiljø. Dersom du er interessert i å spele fotball på eit av Balestrand sine lag (G17 eller seniorlag dame eller herre), ynskjer idrettslaget at du melder di interesse slik at dei kan ordne med overgang før du kjem til bygda. Kontakt Sygnalærarane Henning Sagevik (h.sagevik@gmail.com) eller Johannes Nilsson (jnilsson@sygna.vgs.no)

Lurer du på noko, er det berre å ta kontakt. Vi er her stort sett heile sommaren.

Dette sommarbrevet og alle vedlegga blir også lagde ut på Sygna si nettside www.sygna.no under «Komande elev». Her kan det også koma annan viktig informasjon gjennom sommaren, så det er lurt å sjekke her av og til.

God ferie og hjarteleg velkomen til Sygna!

 

Summert opp minner vi om at de innan 17. juni skal sende følgjande til skulen:

·         Svarskjema for foreldre/føresette (umyndige elevar)

·         Kontrakt (enten leigekontrakt eller kontrakt for heime-/hybelbuarar)

·         Informasjonsskjema om helse

·         Eventuelt avtalen om avtalegiro. Vi må ha denne i originalformat, det vil seie at den ikkje kan scannast og sendast på mail

·         Kunst, design og arkitektur: Eventuell bestilling av formgjevingsutstyr

  

Eventuelt romønskje kan du formidle på Sygna si nettside under «Komande elev» innan 15. juli.

 Dersom alt går etter planen skal mange av klassane på utanlandsekskursjon skuleåret 2022/23. Det er difor viktig at du sjekkar at du har gyldig pass 😊 Dette gjeld klassane:

Vg1: 1ID

Vg2: alle klassane

Vg3: 3ST, 3KDA og 3ID

 

Beste helsing

 Frode Bøthun

   - rektor -