Neste års miljøarbeidarar…
Neste års miljøarbeidarar er klare - og vi er kjempeglade for å presentere dei her:
Jakob Amsrud Husa finn vegen tilbake til Sygna etter eit år på DTS.
Oda Linnea Jonasmo kjem tilbake til Sygna etter eit år på Bildøy bibelskule
William Myklebust returnerer til Sygna etter eit år på Fjellheim bibelskule.
Den fjerde miljøarbeidaren er Gunn Snefrid Sakseid. Ho er ikkje tidlegare Sygna-elev, men skal gå andreåret på Bildøy bibelskule neste skuleår - og ha praksisen sin på Sygna. Det betyr at ho vert ein del av miljøteamet - og ho kjem til å vere mesteparten av året her hjå oss.
Hjarteleg velkomne alle fire!