Praksis for HO, BU og HA
Elevane som går Barne- og ungdomsarbeidarfag og Helsearbeidarfag er for tida ute i tre vekers praksis. Rett før vinterferien var det 1HO som var i praksis og frå Gunvor har vi fått følgjande stemningsrapport:
Eg er i praksis i Sykkylven i ein barnehage som heite Preg. Det er ein kristen barnehage. Første dagen eg kom tilbake igjen kjente barna meg igjen og mange kom springane til meg og ga meg klem - det var utrulig kjekt. Når dei har fellessamlig bruker dei voksne å be litt og så hermer barna, og det er utrulig fint å sjå. Barna spør kvar dag om å sitte på fanget og holde i handa. Er utrulig kjekt å vere her ilag med barna og dei voksne.